H A U G E S U N D    K U N S T F O R E N I N G 28.04- 28.05.2017

Haugesund Kunstforening har gleden av å invitere til åpning av Vestlandsutstillingen 2017. Utstillingen åpnes av tidligere styreleder i Vestlandsutstillingen Joakim Lund. Velkommen til vernissasje fredag 28. april kl. 18.00 i Haugesund Billedgalleri.

Vestlandsutstillingen 2017 - Hvor har vi vært?

Les mer om verkene

er det noen som vet
hvilken retning det er
hvor langt det er igjen
eller hvor vi har vært*

Vestlandsutstillingen har eksistert siden 1922, og er en årlig vandreutstilling som presenterer et tverrsnitt av det som foregår innen norsk samtidskunst knyttet til de fire vestlandsfylkene. De 17 deltakerne i årets utstilling ble plukket ut etter fri innsendelse. Juryen bestod av medlemmer fra Vestlandsutstillingens styre og visningssteder. Økologi og menneskelig adferd er gjennomgående tema i årets utstilling.

Kunstnere: Per Tore Barmen (H), Else Karin Tysse Bysheim (H), Susanne Steen Christensen (R), Vania Cunha (MR), Petra Dalström (H), Aud Marit Skarrebo Holmen (SF), Simone Hooymans (H), Simon Kjær (R), Kristina Kvalvik (MR), Karen Helga Maurstig (SF), Rune Werner Molnes (MR), Daniel Persson (H), Kirsti Prøis (R), David A. Rios (H), Anne Helen Robberstad (R), Nina Skarsbø (H), Ingrid Toogood (R).

Utstillingen er støttet av: Fylkeskommunene i Hordaland, Møre og Romsdal, Rogaland, Sogn og Fjordane.

Utstillingstekst:

«Vestlandsutstillinga er forplikta til å representere kunstnarar og kunstverk som er knytta til den vestlege regionen i Noreg. Likevel er bekymringane og kritikken som vert presentert i denne utstillinga universelle. Sjølv om kvart kunstverk i utstillinga er unikt med sitt individuelle uttrykk, er tema som økologi og menneskeleg atferd gjennomgåande. Den noverande perioden i Jorda si historie, Antropocen, er hovudsakeleg prega av menneskeleg aktivitet og denne sin effekt på planeten vår - klimaendringar, ekstremvêr, nedbryting av ozonlaget, stadig mindre polare iskapper, og ein eksponentiell nedgang i artar i vår flora og fauna. Midt i denne miljøkrisa, legg Vestlandsutstillinga 2017 «Hvor har vi vært?» til rette for refleksjon kring menneskeleg interaksjon med miljøet i fortid, notid og mogeleg framtid.

Tittelen, tatt frå eit kunstverk av Aud Marit Skarrebo Holmen, fungerer som ein inngangsport til utstillinga ved ganske enkelt å stille spørsmålet: Kvar har menneska vore dei siste åra, både fysisk og psykisk? Har menneska si kortsiktige tenking og fornekting ført til den noverande krisa? Er fråvære av menneske eit framtidig scenario? Kvar skal me herifrå? Og kanskje endå viktigare, kva er det me etterlet oss? Med seks nasjonalitetar representert i den 95. utgåva av VU, er dei tilbodne perspektiva mange.

Verk av Per Tore Barmen og Petra Dalström skildrar på poetisk vis både det sårbare og det robuste ved naturen gjennom kyndig skulpturert tre og porselen. Sjølv om det vert kutta og forkulla, held organisk materiale på si kjensle av integritet. I kritiske og hypnotiserande installasjonar av Else Karin Tysse Bysheim og Vania Cunha, ser me verkty for industri og kapitalisme som gummislangar og PC-tastar synt i ubrukelege haugar og knutar, forbruk og avfall ueigna for ein eventuell framtidig funksjon.

Trass i ein viss humor er Susanne Christensen sine bilete ein trist hyllest til trua artar, som ironisk nok både vert øydelagd og bevart av menneske. I Simone Hooymans sine draumeaktige animasjonar ser me frodige, urørte omgjevnader der tida går utan synlege teikn på menneskeleg inngripen. Ein vittig kollasj av Simon Kjær antydar forsteining av menneskelige former, menneskelege relasjonar, til og med menneskelege kjensler.

Forlatne, gløymde bygningar og bustader tek hovudrolla i kunstverk av Kristina Kvalvik, Rune Werner Molnes, og Anne Helen Robberstad. Med eit vedvarande ekko av minner frå tidlegare busetnad, etterlet dei eit publikum som lurer på kor tid dei vart forlatne, kvifor, og kvar folka har gått?

Karen Helga Maurstig si handlaga bok, syner oss ord for snø og is i ulike norske dialektar, ispedd kunstnaren sine eigne teikningar og bilete. Verket fungerer som ein meditasjon over eit landskap av snø og is som raskt kan forsvinne. I eit arbeid av Kirsti Prøis, ser me samanfiltra trådar av neonplast og halm som vert eitt, i ein uatskilleleg masse. Skulpturane/relieffa til David A. Rios representerer lydbølgjer som er frest inn i tre. Dei gjenspeglar bruken av lydbølgjer som ein indikasjon på nærvær eller fråvære av menneskeleg aktivitet. Eit nytt arbeid av Ingrid Toogood presenterer ein abstrakt representasjon av røynda gjennom ei spegling og utviding av måla bilete.

Det finst håpefulle kunstverk også. I eit silketrykk av Daniel Persson, kan ein sjå ein dragefruktplante som målmedviten kryp opp og over ein mur av smuldrande betong og piggtråd. Skulpturen «Next Nature» av Nina Skarsbø antydar derimot menneskeheten sin fullstendige avstand frå naturen, og ei etablering av natur i ein versjon laga av menneske, ein natur som spring ut frå genetisk konstruksjon/manipulasjon, datavirus, og andre organiske teknologiar.

Kvar har mennesket gått? Kva har vi etterlatt oss?»

Jury for VU17: Terese Longva, Joakim Lund, Heather Jones, Astrid Wittersø.

*Aud Marit Skarrebo Holmen

Nettside: www.vestlandsutstillingen.no

Fotokreditering: Haugesund Kunstforening/Gunvor Saltvik