Vestavill

Ingvill Mjeldheim Holter (sopran) og Marita Kjetland Rabben (piano)

presenterer

”HJELP MIG TIL AT GRÆDE”
- songar om død og draumar -

Torsdag 29.mars 2012 i Haugesund Billedgalleri kl. 19.00

Vestavill CV (pdf)

Vestavill sin nye konseptkonsert ”Hjelp mig til at græde” vert publikum tekne med på ei musikalsk oppdagingsferd i grenselandet mellom død og draum.

Mytologisk syner ofte draumen seg som den yngre broren til døden. Dette søskenparet har vore til stor fascinasjon og inspirasjon for kunstnarar til alle tider. Ulike kulturar har mange ulike førestellingar om døden – som oppstanding, reinkarnasjon eller ekstistens i ein annan dimensjon. Draumar vert gjerne omtala som naudsynte prosessar i det undermedvitne. Dei har dessutan alltid vore grunnlag for spådomskunst. 

Til alle tider har kunstnarar prøvd å fanga desse to tilstandane i ord og tonar.

I første del av konserten spenner repertoaret frå Grieg sin hjarteskjerande ”Modersorg”, via Schumann sine Goethe-lieder, til ein suggererande ”Ave Maria” frå dei finske skogane. I andre del går me inn i draumeverda. Debussy skildrar den erotiske, søte draumen om kjærleiken, Musgrave tek oss med inn i eit lite barn sitt utrulege fantasiland, og til slutt endar me opp i Walton sitt surrealistiske, sprudlande univers. 

Vestavill legg stor vekt på å utforska ukjende komponistar og å presentera dei i ein spennande samanheng. I dette programmet vert musikk av nokre velkjende komponistheltar, som Grieg og Schumann, kopla opp mot nokre meir ukjende. Resultatet er blitt eit vakkert, absurd og interessant kunstnarisk uttrykk.