![]() |
|
![]() |
|
Kari
Stiansen - "Svart nr. 1" |
Bodil Sund
- "Lystige Haugesundsfruer møter Kari Stiansen si vikling
"Svart nr. 1"" (utsnitt) |
Månedens replikk - oktober 2004 Bodil
Sund har valt seg verket ”Svart nr. 1” (1987) av
Kari Stiansen. Her fortel ho om kvifor ho valde seg nettopp dette verket:
Min replikk ville eg skulle nærme seg det tekstile materialet på ein aldeles motsett måte! Eg er oppteken av motsetningar, av å kunne sjå ei sak frå fleire sider eller kanskje opp-ned. Mot det tunge, mørke, alvorlege og mystiske bakteppet ynskte eg å replisera med noko lystig og lett, brokete og fargerikt, skulpturelt, humoristisk og frivolt. Der teppet er tilbaketrekt og høgtideleg abstrahert, ville eg varte opp med noko konkret, fornøyeleg freidig og skrekkeleg jålete. Den svarte fargen har eg teke opp att på mitt vis, sjå sjølv.” |
|